Enklare deling av tilsynsdata med Tilda
Sist oppdatert: 19. mars 2024.
Tilda er ei datadelingsteneste frå Brønnøysundregistera tilrettelagt for dei rundt 80 tilsynsmyndigheitene i Noreg og utvalde fagsystemleverandørar.
Tenesta koplar tilsyns-Noreg betre saman og gir god informasjonsflyt mellom tilsyna, der målet er koordinerte, effektive og meir målretta tilsyn.
Informasjon i sanntid direkte frå datakjeldene
Tilda gjer tilsynsinformasjon tilgjengeleg i digitalt, maskinlesbart format, slik at det er raskt og enkelt å få oversikt over kva andre tilsyn har gjennomført og planlagt av tilsynsaktivitetar. Tilda hentar data frå dei respektive tilsynsmyndigheitene sine fagsystem og ulike register via eit felles standard grensesnitt.
Kva er fordelane med Tilda?
- norske tilsynsmyndigheiter får tilgang på informasjon om andre si tilsynsverksemd
- tilsyna blir effektive og målretta
- forhindrar at dei private verksemdene opplever tilsyn som ei unødig belasting
- informasjonen blir vist i sanntid, dermed kan tilsyn koordinerast
Tilda er utvikla i samarbeid mellom ulike tilsynsmyndigheiter og Brønnøysundregistera, med støtte frå Digitaliseringsdirektoratet. Arbeidstilsynet har leia innleiande prosjekt og Brønnøysundregistera har forvaltningsansvaret for tenesta.
Alle norske tilsynsmyndigheiter og utvalde fagsystemleverandørar kan bruke tenesta.
Detaljert informasjon om tenesta.
Har du spørsmål om Tilda, eller eit ønske om å ta tenesta i bruk, ta kontakt med oss via kontaktskjema.
Har du tekniske spørsmål, sjå utviklingsguide for Tilda i Altinn.
Du kan ta kontakt med oss via kontaktskjema.