Gratulerer med enkeltpersonføretak
Enkeltpersonføretaket får tildelt organisasjonsnummer så snart det blir registrert.
Du får da eit varsel på SMS eller e-post. Du kan kor tid som helst hente ut registerutskrift og eventuelt firmaattest gratis på nettsidene våre. Her kan du finne opplysningane som er registrert om føretaket ditt.
For enkeltpersonføretak registrert i Føretaksregisteret blir nyregistreringa kunngjort på brreg.no. Kunngjering av nyregistrering inneheld alltid opplysning om føretaket sitt namn, organisasjonsform, organisasjonsnummer, formål, forretningsadresse og innehavar. Om føretaket har revisor eller dagleg leiar inneheld kunngjeringa opplysningar om dette også. Sjå kunngjeringar.
Etter nokre dagar sender vi ut faktura til den som vart oppgitt som mottakar ved registrering. Du finn fakturaen i innboksen i Altinn.
Plikter som oppstår ved å registrere eit enkeltpersonføretak
Når du har registrert føretaket oppstår ein del plikter ovanfor ulike etatar.
Til Brønnøysundregistera må du
- melde frå når det skjer endringar i registrerte opplysningar