Registreringsplikt i Føretaksregisteret
Sist oppdatert: 6. februar 2025.
Nokre enkeltpersonføretak har plikt til å registrere seg i Føretaksregisteret, men for dei fleste er det frivillig.
Du har plikt til å registrere enkeltpersonføretaket ditt i Føretaksregisteret dersom du
- skal drive som statsautorisert rekneskapsførar
- skal drive som statsautorisert revisor
Kan eg registrere meg i Føretaksregisteret sjølv om eg ikkje har plikt til det?
Ja, dersom du ønsker det, kan du gjere det. Om du veljer å registrere deg får du firmaattest for føretaket.
Treng eg firmaattest?
Du vurderer sjølv om du treng ein firmaattest.Ein firmaattest fungerer som
- ei stadfesting på at verksemda er registrert i Føretaksregisteret
- ei stadfesting på kven som er ansvarleg for føretaket
- legitimasjon overfor långivar, kundar og leverandørar
Kostar det ekstra å registrere seg i Føretaksregisteret?
Ja, det kostar ekstra. Kor mykje det kostar kjem an på om du registrerer deg i Einingsregisteret og Føretaksregisteret samtidig, eller kvar for seg. Sjå gebyroversikt her.