Avslutte enkeltpersonføretak
Sist oppdatert: 30. juli 2024.
Om næringsaktiviteten opphøyrer, skal enkeltpersonføretaket slettast.
Du sletter enkeltpersonføretaket ditt ved å sende inn Samordna registermelding. Kryss da av for «melde sletting».
Det er ingen vedleggskrav. Slettinga er gratis.
Sjekk hva mer du må huske når du avslutter enkeltpersonforetaket ditt.
Slette eit enkeltpersonføretak der innehavar er død
Det er ikkje mogleg å nytte elektronisk skjema ved melding om sletting der innehavar er død. Du må da bruke papirskjema for sletting som du sender i posten
Om enkeltpersonføretaket er registrert i Føretaksregisteret, må melding om sletting signerast av ein person som representerer dødsbuet. Du må legge ved skifte- eller uskifteattest.
Om enkeltpersonføretaket ikkje er registrert i Føretaksregisteret, kan melding om sletting signerast av pårørande eller bustyrar. Her er det ikkje krav til vedlegg.