Må vi tinglyse ektepakta?
Tinglysing gir rettsvern for gåver
Ektepakter som inneheld gåver mellom ektefellane, må tinglysast for at gåva skal få rettsvern. Består gåva av fast eigedom, må de tinglyse ektepakta både hos oss og Kartverket for å få rettsvern. Når gåva du fekk får rettsvern, kan du vere beskytta mot givaren sine kreditorar. Pris for tinglysing finn du i gebyroversikta vår.
De kan tinglyse ei ektepakt som ikkje inneheld gåve, då lagrer vi ein kopi av ho hos oss. Ei tinglyst ektepakt er offentleg tilgjengeleg, og kven som helst kan i utgangspunktet bestille ein kopi av ho. Sjå oversikt over korleis du bestiller og kva det kostar.
Sjølv om ektepakta både kan opprettast og tinglysast før ekteskapet er inngått, er den ikkje gjeldande før de er gift.