Data om signatur og prokura
Sist oppdatert: 8. juli 2024.
I denne tenesta kan du sjekke kven som har signatur og prokura.
Tenesta består av to API: Oppslagstenesta og kontrolltenesta
Opplysningane om signatur og prokura er henta frå Einingsregisteret og Føretaksregisteret og er strukturert etter tolking basert på 17 ulike register med grunnlag i dei mest bruke signatur- og prokurabestemmingane.
Oppslagstenesta
I denne tenesta får du namn og fødselsdato på dagleg leiar, styret og på dei som har signatur og prokura i verksemda.
APIet for oppslagstenesta er opent og gratis å bruke.
Offentlege myndigheiter og kredittopplysningsføretak vil, ved bruk av verksemdssertifikat, i tillegg få fødselsnummer på dei som har signatur og prokura.
Kontrolltenesta
Kontrolltenesta krev bruk av verksemdssertifikat, men er gratis å bruke og tilgjengeleg for alle. Her legg du inn fødselsnummer og organisasjonsnummer og får informasjon om personen har rett til å signere på vegner av verksemda.
API-dokumentasjon og informasjon om korleis du får tilgang, finn du her.