Data om reelle rettshavarar
Sist oppdatert: 1. oktober 2024.
Det er berre mogleg å få tilgang til data om reelle rettshavarar gjennom maskinelt grensesnitt/API. Her finn du opplysningar om registrerte verksemder og deira reelle rettshavarar ved oppslag på organisasjonsnummer.
Det er berre offentleg myndigheit som har tilgang til registeret sin totalbestand eller oppslag på fødselsnummer.
Kven kan få tilgang til API?
- rapporteringspliktige etter kvitvaskingslova § 4 i forbindelse med deira kundetiltak og kontinuerlege oppfølging etter kvitvaskingslova
- nokre utvalde offentlege myndigheiter
- Politi- og påtalemyndigheit
- Eininga for finansiell etterretning ansvarleg for å ta imot opplysningar om mistenkelege forhold etter kvitvaskingslova § 26
- Skattemyndigheiter
- Tilsynsmyndigheiter for rapporteringspliktige etter kvitvaskingsregelverket
- Andre myndigheiter med ansvar for å etterforske og påtale kvitvasking, primærlovbrot og terrorfinansiering.
- Andre myndigheiter med ansvar for sporing, bandlegging og inndraging av utbytte
- Sikkerheitsmyndigheita
- Tilsynsmyndigheit for stiftelse
- media underlagt medieansvarslova § 2
- sivilsamfunnsorganisasjonar som har som formål å arbeide med førebygging og bekjemping av misbruk av selskapsstrukturar
- høgare utdanningsinstitusjonar som er omfatta av universitets- og høgskolelova § 1-2
Korleis bestiller eg tilgang?
Dersom du meiner verksemda di oppfyller kriteria, sender du ein e-post til opendata@brreg.no der du opplyser om følgande:
- verksemda sitt organisasjonsnummer
- verksemda sitt namn
- namn på kontaktpersonen dykkar
- e-post-adresse til kontaktpersonen dykkar
- telefonnummer til kontaktpersonen dykkar
- kva heimel til utvida tilgang verksemda fell inn under. På github finn du informasjon om kven som kan få tilgang.
Kontakt oss
For meir informasjon om tenesta, ta kontakt med oss på e-post: opendata@brreg.no