Opplysningar for bruk i direkte marknadsføring
Sist oppdatert: 4. juli 2024.
Verksemder som bruker adresselister til direkte reklame, har sjølv ansvaret for å få oppdatert adresselistene mot Reservasjonsregisteret.
Selskap og organisasjonar som bruker adresselister til direkte reklame, har eit sjølvstendig ansvar for å få oppdatert adresselistene mot Reservasjonsregisteret. Dei pliktar å oppdatere listene sine mot Reservasjonsregisteret seinast ein månad før bruk.
Vilkår for å få data frå Reservasjonsregisteret:
- Opplysningane frå Reservasjonsregisteret kan bare bli brukt til å oppdatere register som skal bli brukt i direkte marknadsføring.
- Det må opplysast om dataa skal bli brukt til oppdatering av eige register, eller om mottakaren også skal oppdatera andre sine register.
- Mottakaren som også skal oppdatere andre sine register, må dokumentere at det er sendt melding til Datatilsynet i samsvar med personopplysningslova §31.
- Mottakaren må oppfylle personopplysningslova sitt krav om datasikkerheit og internkontroll, jamfør personopplysningslova §§13 og 14.
Levering av opplysningar frå Reservasjonsregisteret blir regulert av standardavtale:
Vi viser også til forskrift om Reservasjonsregisteret
Prisar
Du kan bestille eingongslevering eller abonnement på data frå Reservasjonsregistret. Heile registret inngår ved kvar levering.
Prisar for tilgang til Reservasjonsregisteret er:
- dagleg oppdatering (abonnement) av eige registert: 24 600,- kroner per år
- dagleg oppdatering (abonnement) av eige og andre sine register: 65 000,- kroner per år
- enkeltkjøp av datasett, eige register: 2 100,- kroner for kvart kjøp
Prisane blir regulert 1. januar kvart år.
Levering og teknisk beskriving
Fil kan leverast via SFTP. Ei detaljert teknisk beskriving, som viser innhaldet i filene vi leverer, kan sendast ved førespurnad.
Ta kontakt med oss om du ønsker å få tilsendt ei testfil som viser korleis filene er oppbygd.
Bestilling
For å få tilgang til opplysningar frå Reservasjonsregisteret må avtalen fyllast ut, signerast og sendast til Brønnøysundregistera med post eller e-post.
Om du har spørsmål om uthenting av data frå Reservasjonsregisteret kan du kontakte Brønnøysundregistera, telefon 75 00 75 00 eller e-post: firmapost@brreg.no.