Abonnement på kunngjeringar i xml-format
Sist oppdatert: 10. juli 2023.
Du kan abonnere på kunngjeringar av daglege registreringar.
Du får kunngjeringar frå Føretaksregisteret, Konkursregisteret, Rekneskapsregisteret, Partiregisteret og Stiftelsestilsynet. Desse kunngjeringane er tilgjengelige i xml-format. Løysinga er bygd opp slik at du sjølv bestemmer kva kunngjeringstypar du ønsker å abonnere på.
Ønsker du for eksempel å bygge opp ein database med dei same kunngjeringstekstane som inngår i kunngjeringsløysinga, kan du abonnere på dette.
For å teikne abonnement må du krysse av i abonnementsoversikta kva kunngjeringstypar som skal inngå i abonnementet. Abonnementsoversikta finn du under «Avtaler» saman med standardavtalen som må fyllast ut og sendast inn. Når vi tar imot avtale i utfylt/signert stand, startar leveringa.
Prisen på abonnementet avheng av talet på kunngjøringstypar du abonnerer på. Dette går fram av abonnementsoversikta.
Abonnementsoversikta inngår som vedlegg til avtalen som blir teikna mellom Brønnøysundregistera og abonnenten.
- Vilkår for abonnement på kunngjeringar blir regulert av standard avtale.
- Du må signere og sende inn både standardavtale og Vedlegg 1 Abonnementsoversikt for å få tilgang til tenesta
- Du kan sende avtalene til oss enten via e-post eller post.
- Vi leverer ei zippa fil som inneheld ei fil per kunngjering for kvar kunngjeringstype du abonnerer på. Blir det kunngjord ti nye føretak i Føretaksregisteret ein dag, vil vi levere ti filer av typen ”Nyregistrering” (NYFR).
- Levering går føre seg ved at vi opprettar ein sftp-konto for deg.
Ønsker du teknisk beskriving av korleis filene er bygde opp, kan vi sende deg XSD-filer og XML-som viser dette.
For meir informasjon om tenesta, ver vennleg å ta kontakt med oss på e-post.