Abonnement på årsrekneskapsdata
Sist oppdatert: 2. februar 2024.
Du kan abonnere på alle årsrekneskapsdata frå Rekneskapsregisteret.
Abonnementsordninga gjeld levering av årsrekneskapstal i xml-format, inkludert revisjonskodar. Du kan også utvide abonnementet til å omfatte levering av kopi av årsrekneskap i tiff-format.
Abonnement på årsrekneskap omfattar alle årsrekneskap som blir registrerte i Rekneskapsregisteret. Dette utgjer ca. 300 000 årleg. Ver merksam på at Rekneskapsregisteret ikkje registrerer aksjonærinformasjon eller lønn til dagleg leiar frå årsregnskapa.
- Vi har ein årleg fast pris for levering av årsrekneskapsdata. Han inkluderer både levering av rekneskapstal og ein kopi av årsrekneskapen. Prisen varierer i forhold til kor mange som til kvar tid abonnerer på tenesta. No er det fem aktørar som betaler kr. 480.000,- kvar. Om dette aukar til seks aktørar, blir prisen redusert til kr. 400.000,-.
- Abonnementet inneheld rekneskapstal, revisjonskodar og kopi av årsrekneskapen.
- Det er ikkje høve til å selje vidare kopi av årsrekneskap.
- Vilkår for abonnement på årsrekneskap blir regulert av standard rammeavtale.
- Du må signere og sende inn både rammeavtale og underavtale for å få tilgang til tenesta.
- Du kan sende avtalene til oss enten via e-post eller post.
Årsrekneskapar blir levert i xml-format til ein SFTP-konto ved Brønnøysundregistera. Vi kan sende deg teknisk dokumentasjon om du ønsker det.
For meir informasjon om tenesta, ver vennleg å ta kontakt med oss på e-post.