Ungdomsbedrift
Sist oppdatert: 27. august 2024.
Før du registrerer ungdomsbedrifta di hos oss, må du registrere ho hos Ungt Entreprenørskap.
Når du skal registrere ungdomsbedrifta, må du ha klar følgande opplysningar:
- namn på ungdomsbedrifta
- stiftelsesdato
- adresse
- målform
- kontaktperson
I tillegg kan du registrere signaturrett, dette er ei frivillig opplysning.
Hugs å legge ved
- stiftelsesdokument
- vedtekter
Ungt entreprenørskap har ei eiga nettside, ungdomsbedrift.no, for å rettleie deg i å starte, drive og leie ei ungdomsbedrift. I tillegg får du svar på mange andre spørsmål om ungdomsbedrift.
Vil du sjekke kva som er registrert på ungdomsbedrifta di?
Du kan sjekke opplysningane på Nøkkelopplysningar frå Einingsregisteret.
Sletting av ungdomsbedrifta
Når du skal slette ungdomsbedrifta, må du sende inn ei slettemelding. Du må legge ved referat frå avviklingsmøtet. Kontaktperson skal signere meldinga.