Ny i næringslivet? Sjå opp for juks!
Sist oppdatert: 28. juli 2021.
Ikkje alle som tek kontakt med deg, har reint mjøl i posen. Derfor bør du nytte deg av openheita i registera sjølv også.
Den som innbyr til samarbeid eller vil selje deg tenester, bør du i det minste finne i Einingsregisteret med kontaktdata. Og før du forpliktar deg i meir alvorlege forhold, bør du gjere grundigare undersøkingar.
Det hender pågåande seljarar gir seg ut for å representere Brønnøysundregistra og tilbyr tenester mot betaling i vårt namn. Gjerne så snart registreringa er offentleg tilgjengeleg og før du har fått tilbakemelding frå oss i posten. Somme ber om fødselsnummer og kredittkortnummer, og du kan stå i fare for alvorlege svindelforsøk.
Ver klar over at Brønnøysundregistra aldri tek direkte kontakt for sal av tenester og at vi aldri ville be deg om å gi opp kredittkortnummeret ditt. Er du i tvil om det er vi som har kontakta deg, så spør oss på 75 00 75 00 før du handlar.
Vil du lære meir om tryggleik?
Den som møter pågåande seljarar i dag, kan i morgon bli utsett for forsøk på fakturabedrageri, identitetstjuveri eller annan kriminell aktivitet. Du finn gode råd om korleis du kan verne deg, både hos Norsk senter for informasjonssikring og Næringslivets Sikkerhetsråd.
Lukke til som ny i næringslivet! Dei fleste vil deg vel.
Som registrert blir du tilgjengeleg
Det er frivillig å registrere e-postadresse og telefonnummer i Einingsregisteret, men du bør vere oppmerksam på at kontaktopplysningane er tilgjengelege for alle og kan bli brukt til marknadsføring og reklame.
Mykje av føremålet med registrering i Brønnøysundregistra er at samfunnet skal vite kven som driv næringsverksemd. Som ny i næringslivet vil du trenge støttespelarar og leverandørar. Ein del av dei vil kontakte deg når registreringa blir kjend, som regel til nytte for begge partar.