Næringskodar
Sist oppdatert: 22. mars 2024.
Næringskoden skal vise verksemda sin hovudaktivitet, og den skal primært dekke statistiske behov for Statistisk sentralbyrå (SSB).
Registrering av næringskode
Einingsregisteret registrerer næringskode ved nyregistrering av ei verksemd, og endrar næringskoden hvis ei verksemd melder ny aktivitet. Innan finansnæringane, store føretak eller foretaksgrupper og offentleg forvalting er det SSB som registrerer næringskodane, og dei blir deretter overførte til Einingsregisteret.
Dei fleste verksemder skal berre ha ein næringskode, og den skal vise hovudaktiviteten til verksemda.
Nye verksemder som driv med investering/holding
Nye verksemder som driv med investering/holding blir registrert med næringskode 00.000 Ikkje oppgitt. Dette er ein gyldig næringskode, og vil bli ståande slik til SSB har oversikt over aktiviteten i verksemda. Dette kan ta både to og tre år, og når SSB har fått oversikt over aktiviteten, endrar dei næringskoden slik at han blir meir presis.
Endring av næringskode – feil næringskode
Om verksemda har feil næringskode, kan du endre beskrivinga av aktiviteten i skjemaet Samordna registermelding i Altinn. Hugs å skrive hovudaktiviteten først, då det er den som bestemmer kva næringskode verksemda vil få.
Næringskodar
Næringskodane skal primært dekke statistiske behov for Statistisk sentralbyrå (SSB), og blir fastsett etter Standard for næringsgruppering. Frå 2008 er gjeldande standard kalt SN2007 og bygger på EU sin næringsstandard Nace Rev. 2.
Dette er i første rekke ein statistisk standard. Han dannar grunnlag for koding av verksemder etter viktigste aktivitet i Statistisk sentralbyrå sitt verksemd- og føretaksregister, og for verksemder i Einingsregisteret. Næringskoden er ein av dei viktigaste standardane i økonomisk statistikk, og gjer det mogeleg å samanlikne og analysere statistiske opplysningar både nasjonalt og internasjonalt, og over tid.
Strukturen i NACE
Næringshovedområde – første nivå identifisert med ein bokstavkode
Næring – andre nivå identifisert med ein tosifra talkode
Næringshovedgruppe – tredje nivå identifisert med ein tresifra talkode
Næringsgruppe – fjerde nivå identifisert med ein firesifra talkode (NACE-kode)
Næringskode – femte nivå identifisert med ein femsifra talkode (Næringskode)
Eksempel på strukturering av næringskodane
+ F Bygge- og anleggsverksemd
–41 Oppføring av bygningar
–41.1 Utvikling av byggeprosjekt
–41.10 Utvikling av byggeprosjekt
–41.101 Bustadbyggjelag
–41.109 Utvikling og sal av eigen fast eigedom elles
Bokstavkoden for næringshovudområde blir ikkje vist i sjølve NACE-koden. I tillegg til den firesifra NACE-koden (EUs firesifra kode) er mange kodar splitta opp på nasjonalt nivå ved hjelp av eit femte siffer.
Den femsifra koden som blir brukt i Noreg heiter næringskode.