Korleis sjekke status på saka di
Sist oppdatert: 12. oktober 2023.
Kva som er status finn du via meldinga du har fått i innboksen i Altinn. Du får beskjed på e-post eller sms når saka er ferdig behandla.
Det er berre den som har send inn Samordna registermelding som kan sjekke status. Du må logge inn i Altinn, og representere deg sjølv som privatperson for å finne meldinga i innboksen.
Under ser du korleis du sjekker status, steg for steg.
Trinn 1: Gå til innboksen din i Altinn
Trinn 2: Opne skjema
Ulike typar statusar
Når alle som skal signere har vore inne og signert Samordna registermelding, blir ho send til oss. Du får varsel når vi har fått ho og når ho er ferdig saksbehandla hos oss.
På sida Når blir saka mi behandla? kan du sjå kva dato vi er komen til i saksbehandlingskøen.