Nokre tips til deg som er ny i næringslivet
Sist oppdatert: 1. februar 2024.
Når du har fått organisasjonsnummer, er kontaktinformasjonen tilgjengeleg for alle.
Som næringsdrivande vil du oppleve at du blir kontakta av ulike aktørar som tilbyr sal av tenestene sine. Du bør tenke deg nøye om før du inngår avtalar. Du har ikkje angrerett som næringsdrivande.
Nokre av desse førespurnadane er direkte svindelforsøk. Her er nokre punkt for å hjelpe til med at svindelforsøket blir med berre forsøket:
- Vi spør deg aldri om kredittkortnummeret ditt – eller passord!
- Vi sender aldri ut sms der vi ber deg gå inn på lenker
- Rettleiing hos oss er gratis
- Skal du registrere eller endre noko hos oss, sjekk at du er inne på riktig nettside: brreg.no
- Registreringar og endringar hos oss gjer du i skjemaet Samordna registermelding, og du må logge inn med Bank-ID
- Vi vil aldri be deg om å stadfeste opplysningane i ein eigen e-post eller sms
- Sjekk om en eventuell avtalepartnar er registrert. Gjer et kjapt søk i feltet Finn føretak/selskap på forsida til brreg.no
- Ver sunt kritisk når du blir tilbydd kjøp av ulike tenester
- Hugs: Du har ikkje angrerett som næringsdrivande. Les nøye gjennom avtaletilbodet før du inngår avtalen
Er du usikker på om det er Brønnøysundregistera som har kontakta deg, ta kontakt med kundeservice hos oss.