Klientoverføring ved omorganisering, fusjon eller samanslåing
Sist oppdatert: 28. mai 2024.
Brønnøysundregistera kan utføre ei samla overføring av klientar ved omorganisering eller samanslåing.
Klientoverføringa gjeld for revisor, rekneskapsførar, forretningsførar eller representant for utanlandske selskap.
Vilkåra for overføringa er:
- omorganisering eller samanslåing utan reelle endringar i eigerforholdet
- overføringa må gjelde heile klientmassen
- overtakande rekneskapsførar/revisor må vere autorisert hos Finanstilsynet
Eksempel på når det kan registrerast klientoverføring:
- to føretak har fusjonert
- to enkeltpersonføretak har tidlegare drive kvar for seg, men har nå gått saman for å stifte f.eks. eit AS eller eit ANS
- verksemda har tidlegare drive eit enkeltpersonføretak, men har nå oppretta eit AS
Eksempel på når det ikkje er klientoverføring:
- føretaket har berre kjøpt kundeporteføljen
- tidlegare føretak skal avslutte verksemda si, og eit nytt føretak blir danna av andre
- endringa medfører endringar i eigarforholdet
Dette må du gjere:
- Før du søker om klientoverføring må du varsle klientane om at dei vil bli overførte til nytt føretak
- Overføring av klientar melder du til Brønnøysundregistera i eit brev
- I brevet opplyser du grunnlaget for søknaden, organisasjonsnummer og namn til både overdragande og overtakande føretak
- Søknaden må signerast av enten innehavar, dagleg leiar eller styret sin leiar som skal overføre klientane sine
- Brevet med original underskrift og ein kopi av varselet til klientane må sendast til Brønnøysundregistera per post
Vi gjer merksam på at delegeringa i Altinn ikkje vil bli overført. Ta kontakt med Altinn ved eventuelle spørsmål om delegering.