Informasjon til nyregistrerte verksemder
Sist oppdatert: 1. oktober 2024.
Det er mykje du må vite når du har registrert ei verksemd. Vi har samla informasjon som er viktig for deg å kjenne til.
Saknar du nokre opplysningar i registerutskrifta?
Nokre av opplysningane, som næringskode og organisasjonsnummer for undereining blir registrert i etterkant.
Om du treng ei oppdatert registerutskrift, har du gratis tilgang til den via «Produkter og tjenester fra Brønnøysundregistrene» i Altinn.