Vi behandlar saka
Saka kjem til oss og blir behandla av ein saksbehandlar.
Du kan sjå kva dato vi er komen til i saksbehandlingskøen vår på sida Når blir saka mi behandla?
Mangelfull innsending
Om det er manglar ved innsendinga, tar vi kontakt med deg som har sendt inn Samordna registermelding. Du får informasjon om kva du må gjere for å rette opp manglane eller få saka vurdert på nytt. Om det er ein frist for når du må sende inn riktig eller meir informasjon, vil vi gje beskjed om dette i informasjonen vår.
Høyrer du ikkje frå oss?
Da kan det vere fordi meldinga ikkje er sendt inn, eller at ho ikkje er signert. Den som har sendt inn Samordna registermelding kan sjå kven som har signert og om saka er komen inn til oss. Her finn du rettleiing til korleis du kan sjekke status på saka di.