Send inn skjema
For å få eit organisasjonsnummer må de registrere sameiget hos oss. Fyll ut skjemaet Samordna registermelding, signer og send det inn.
Før de startar, må de passe på at de har
- Fødselsnummer på alle personane som de skal registrere med ei rolle, for eksempel kontaktperson eller styreleiar
- Alle nødvendige dokument elektronisk tilgjengelege, som for eksempel skøyte, avtale eller protokoll frå sameigemøtet (om du melder eit styre)
Har sameiget ein rekneskapsførar eller revisor, må han/ho også signere skjemaet elektronisk.