Har vi eit tingsrettsleg sameige?
Eit tingsrettsleg sameige kan vere at de eig hytte, utmark, russebuss, jakt- og fiskerettar eller liknande saman.
Eig de noke eller har bruksrett til noko saman, treng de ofte eit organisasjonsnummer for å få konto i banken, felles forsikring, straumavtale eller liknande saman. Dette får de ved å registrere dykk som et tingsrettsleg sameige i Einingsregisteret. Da blir felles eigarskap, eller bruksrett, til sameigetingen registrert i det tingsrettslege sameiget.
Kva er tingsrettsleg sameige?
Det er en måte to eller flere personar kan eige ein eller flere formuegjenstander (eigedelar) saman på. Det kan vere fysiske personar, eller det som blir kalla juridiske personar som for eksempel kan vere ei bedrift, eit lag eller ei foreining. Eit tingsrettsleg sameige har ingen rettar eller plikter i seg sjølv, det er sameigarane som er ansvarlege.
Sameigarane har delt ansvar og eig kvar sin ideelle andel, oppgitt i prosent eller brøk, som utgjer 100 prosent av det som inngår i sameiget.
Kva kan ikkje registrerast som eit tingsrettsleg sameige?
Om de skal drive næringsverksemd med sameigetingen kjem de inn under selskapsloven og må vurdere ein av organisasjonsformene som kan registrerast i Føretaksregisteret. Her finn de informasjon om andre organisasjonsformer.
Må vi registrere sameiget i Føretaksregisteret?
Eit tingsrettsleg sameige kan berre registrerast i Einingsregisteret. Har de behov for registrering i Føretaksregisteret må de bruke ei anna organisasjonsform.