Før du registrerer eit tingsrettsleg sameige
Eit tingsrettsleg sameige blir ikkje stifta, sidan det ikkje er ein juridisk person, men oppstår i det to eller fleire eig eller bruker noko saman.
Dokumentet som bekreftar at det finst eit tingsrettsleg sameige kan derfor vere eit skøyte, testament eller ein avtale.
Har de ikkje eit slikt dokument er det enklaste å bruke forslaget vårt til sameigeavtale. Fyll inn dei opplysningane som manglar.
Vi har to malar på sameigeavtale, ein for sameige utan styre og ein for sameige med styre. Vel den som passar best for dykk.
Mal for sameigeavtale for tingsrettsleg sameige utan styre (PDF)
Mal for sameigeavtale for tingsrettsleg sameige med eit styre (PDF)