De har fått organisasjonsnummer
Så snart det tingsrettslege sameiget er registrert får det tildelt eit organisasjonsnummer.
Den som har sendt inn Samordna registermelding vil få eit varsel om dette på SMS eller e-post. Registerutskrifta finn du i innboksen i Altinn. Du kan også når som helst hente ut registerutskrifta gratis på brreg.no.
Her finn du registrerte opplysningar ved å fylle inn organisasjonsnummer eller namn
Plikter som oppstår etter registrering
Når sameiget er registrert må de melde frå til oss når det skjer endringar i for eksempel styret eller i andre opplysningar som er registrert hos oss. For å melde endringar bruker de Samordna registermelding.