Endre opplysningar for eit tingsrettsleg sameige
Sist oppdatert: 14. mars 2024.
Hvis du ønsker å gjøre endringer på den informasjon som er registrert på et tingsrettslig sameie, må du sende inn Samordnet registermelding.
Du registrerer ny adresse ved å sende inn Samordna registermelding. Du kan velje om du vil endre forretningsadresse eller postadresse.
Ønsker du at sameiget berre skal vere registrert med ei postadresse hos oss, må du hugse å fjerne gammal forretningsadresse i skjemaet.
Vil du bruke adressa til ein av sameigarane som sameiget si adresse, må du bruke c/o. adresse. Sjå eksempelet under:
Sameiet Sommerro
c/o Kari Nordmann
Utsikten 54
8908 Brønnøysund
Når sameiget har fått ny dagleg leiar, kontaktperson eller forretningsførar, skal du sende inn dei nye opplysningane i Samordna registermelding.
Vi krev ingen vedlegg.
Når sameiget har vald nytt styre, skal du sende inn Samordna registermelding.
Du må legge ved
- protokoll frå sameigarmøte som viser kven som er vald til nytt styre
Når sameiget endrar signatur, skal du melde dette i Samordna registermelding.
Du må legge ved
- samstemmig avtale mellom sameigarane
eller
- vedtekter som er samstemmig vedtekne
Det må gå tydeleg fram av dokumentasjonen at signatur er tildelt, og om den er gitt i fellesskap eller kvar for seg.
Alle rolleinnehavarar kan melde eigen fråtreding. Når du fråtrer gir du avkall på alle rettar og pliktar som rolla di har. Du gjer dette i Samordna registermelding. Når fråtredinga er registrert, vil både sameiget og du som fråtrer bli varsla om dette.