Registrere ein stiftelse
Sist oppdatert: 13. mars 2024.
Alle stiftelsar skal registrerast i Stiftelsesregisteret.
Styret er ansvarleg for å melde registreringa innan tre månader etter opprettinga. For å registrere ein stiftelse må du sende inn Samordna registermelding.
Saka blir tatt til behandling av ein saksbehandlar innan ti arbeidsdagar. Du kan sjå datoen vi har komme til i saksbehandlingskøen vår på sida Når blir saka mi behandla.
Brønnøysundregistera gir stiftelsen eit foreløpig organisasjonsnummer før vi sender alle dokumenta vidare til behandling hos Stiftelsestilsynet.
Vedleggskrav
Når du skal registrere ein stiftelse må du sende inn fleire dokument. Du vil finne ei oversikt over dette og kva informasjon desse dokumenta skal innehalde på nettsida hjelpeskjema og malar til Stiftelsestilsynet.