Nedsetting av grunnkapital i alminnelege stiftelsar
Sist oppdatert: 28. februar 2022.
Avgjerd om å sette ned grunnkapitalen blir tatt av styret.
Styret kan ikkje ta ei slik avgjerd om det i vedtektene eller på annan måte er bestemt eller klart kravd av opprettaren at den opphavlege grunnkapitalen ikkje skal kunne brukast til utdelingar.
Avgjerd om å nedsette grunnkapitalen skal meldast til Stiftelsestilsynet innan seks veker etter at avgjerda er tatt. Er reduksjonen ikkje meld innan fristen, fell han bort.
Du kan lese meir om kapitalnedsetting på Lotteri- og stiftelsestilsynet sine nettsider.