Fusjon mellom mor- og dotterselskap i samvirkeføretak
Sist oppdatert: 11. november 2021.
Fusjon mellom mor- og dotterselskap melder du til Føretaksregisteret i to trinn.
Desse to trinna er vedtak om fusjon og gjennomføring.
Frå føretaka som tek del i fusjonen har vedteke å godkjenne fusjonsplanen, har du ein månads frist til å melde vedtak om fusjon til Føretaksregisteret. Fristen på ein månad tar til å løpe når det siste føretaket har godkjent fusjonsplanen.
Om meldinga ikkje blir sendt til Føretaksregisteret innan fristen, fell vedtaket bort.
Desse dokumenta må leggast ved meldinga
Overdragande dotterselskap skal legge ved
- protokoll frå styremøte som viser godkjenning av fusjonsplanen
Overtakande morselskap skal legge ved
- protokoll frå styremøte som viser godkjenning av fusjonsplanen
Etter at du har meldt vedtak om fusjon og kreditorfristen har gått ut, kan du melde gjennomføring av fusjon. Det er ingen frist for når du må melde gjennomføring til Føretaksregisteret.
Desse dokumenta må leggast ved meldinga
Det er ingen krav til vedlegg.