Fisjon ved oppløysing (likvidasjon) av samvirkeføretak
Sist oppdatert: 6. november 2021.
Fisjon ved oppløysing (likvidasjonsfisjon) melder du til Føretaksregisteret i to trinn.
Desse to trinna er vedtak om fisjon og gjennomføring.
Frå føretaka som tar del i fisjonen har vedtatt å godkjenne fisjonsplanen, har du ein månads frist til å melde vedtak om fisjon til Føretaksregisteret. Dersom det er fleire eksisterande partar i fisjonen blir fristen rekna frå det siste føretaket har godkjent fisjonsplanen.
Dersom meldinga ikkje blir send til Føretaksregisteret innan fristen, fell vedtaket bort.
Overtakande føretak som blir stifta ved fisjon skal ikkje sende inn melding før etter at kreditorfristen har gått ut.
Overdragande føretak skal legge ved
- protokoll frå årsmøtet som har godkjent fisjonsplanen
Eventuelle eksisterande overtakande føretak skal legge ved
- protokoll frå årsmøtet som har godkjent fisjonsplanen
Dersom fisjonen fører til at medlemmane av det overdragande eller overtakande føretaket får krav på ein større del av dei midlane som står att ved oppløysinga, må godkjenning frå Stiftelsestilsynet leggast ved.
Etter at du har meldt vedtak om fisjon og kreditorfristen på seks veker har gått ut, kan du melde gjennomføring av fisjon.
Det er ingen krav til vedlegg for overdragande føretak og eksisterande overtakande føretak.
Eventuelle overtakande føretak som blir stifta ved fisjon skal legge ved
- stiftelsesdokument med vedtekter
Ved tingsinnskot (andre eigedelar enn pengar) må du legge ved
- opningsbalanse som er underteikna av stiftarane
Dersom føretaket har bank- eller forsikringsverksemd som formål, må du legge ved
- godkjenning/konsesjon frå Finanstilsynet.