Registrere eit NUF
Sist oppdatert: 1. juli 2024.
Du registrerer eit NUF ved å fylle ut og sende inn skjemaet Samordna registermelding Del 1 – Blankett for norskregistrert utanlandsk føretak.
Det er ikkje mogleg å bruke elektronisk skjema ved nyregistrering av eit NUF.
Skal verksemda di registrerast i Føretaksregisteret, kan du sende inn skjema med vedlegg i kontaktskjemaet vårt. Om du samtidig må søke om d-nummer til ein eller fleire rolleinnehavarar, må du sende inn søknad om d-nummer i posten.
Saka vil bli tatt til behandling innan ti arbeidsdagar etter at vi har mottatt ho, dersom verksemda skal registrerast i Føretaksregisteret. Du kan sjå kva dato vi er komen til i saksbehandlingskøen vår på sida Når blir saka mi behandla.
Val av namn
Namnet på ei norsk avdeling av utanlandsk føretak (NUF) som skal registrerast i Føretaksregisteret, skal innehalde hovudføretaket sitt namn og foretaksnemning og ha med føretaksnemninga NUF. NUF skal stå bakarst i namnet.
Vedlegg ved nyregistrering
Føretaket har registreringsplikt i Føretaksregisteret om det driv næringsverksemd i Noreg. Meir informasjon om registreringsplikta finn du til høgre på denne sida, under nyttige lenker.
Desse dokumenta må du alltid må legge ved når du skal registrere eit selskap:
- Registreringsbevis frå offentleg registreringsmyndigheit i heimlandet. Dokumentet skal vere av nyare dato, som hovudregel ikkje eldre enn tre månader.
Om det er vald eige styre for avdelinga, må du også legge ved:
- protokoll frå dei i det utanlandske føretaket som har myndigheit til å velje eige styre for avdelinga i Noreg.
Hugs viljeserklæringar frå dei som har roller i selskapet
Om selskapet skal ha rekneskapsførar, revisor og/eller norsk representant, må dei stadfeste at dei tar på seg oppdraget. Dette kan dei stadfeste ved å skrive under Samordna registermelding, eller ved å utarbeide eigne erklæringar som blir signert og lagd ved. Erklæringane må ha original underskrift.
Om du melder norsk representant, må dette bli stadfesta
Det utanlandske føretaket må stadfeste oppnemninga av representanten i eige vedlegg. Hugs viljeserklæring som beskrive i avsnittet ovanfor. Om den norske representanten er ein juridisk person, må du også melde ein kontaktperson eller dagleg leiar.
Om du melder kontaktperson, må dette bli stadfesta
Det utanlandske føretaket må stadfeste kontaktpersonen si tilknyting til det utanlandske føretaket i eit eige vedlegg.
Om det er meldt eit føretak som norsk representant, og den melde kontaktpersonen er tilsett hos representanten, kan representanten stadfeste kontaktpersonen si tilknyting til det utanlandske føretaket.
Vedlegg skal i utgangspunktet vere omsett til norsk, men vi kan godta dokument på dansk, svensk og engelsk.
Desse dokumenta må du alltid legge ved når du skal registrere eit selskap:
- Registreringsbevis frå offentleg registreringsmyndigheit i heimlandet. Dokumentet skal vere av nyare dato, som hovudregel ikkje eldre enn tre månader.
- Stiftelsesdokument og vedtekter for det utanlandske føretaket.
- Protokoll frå dei i det utanlandske føretaket som har myndigheit til å avgjere oppretting av verksemd i Noreg.
Om det er vald eige styre for avdelinga, må du legge ved:
- Protokoll frå dei i det utanlandske føretaket som har myndigheit til å velje eige styre for avdelinga i Noreg.
Hugs viljeserklæringar frå dei som har roller i selskapet
Om selskapet skal ha styre, rekneskapsførar, revisor og/eller norsk representant, må dei stadfeste at dei tar på seg oppdraget. Dette kan dei stadfeste ved å skrive under Samordna registermelding, eller ved å utarbeide eigne erklæringar som blir signert og lagd ved. Erklæringane må ha original underskrift.
Om du melder norsk representant, må dette bli stadfesta
Det utanlandske føretaket må stadfeste oppnemning av representanten i eige vedlegg. Hugs viljeserklæring, som beskrive i avsnittet over. Om den norske representanten er ein juridisk person, må du også melde ein kontaktperson eller dagleg leiar.
Om du melder kontaktperson, må dette bli stadfesta
Det utanlandske føretaket må stadfeste kontaktpersonen si tilknyting til det utanlandske føretaket i eit eige vedlegg.
Om det er meldt eit føretak som norsk representant, og den melde kontaktpersonen er tilsett hos representanten, kan representanten stadfeste kontaktpersonen si tilknyting til det utanlandske føretaket.
Om Samordna registermelding blir underskriven av dagleg leiar, må du legge ved
- dokumentasjon som viser utnemning/tilsetting av dagleg leiar
Om Samordna registermelding blir underskriven av den som har signaturrett, må du legge ved
- dokumentasjon som viser at vedkomande har signaturrett for det utanlandske føretaket
Vedlegg skal i utgangspunktet vere omsett til norsk, men vi kan godta dokument på dansk, svensk og engelsk.
Ulike krav til underskrift
Underskrift av Samordna registermelding ved registrering i Einingsregisteret
Den kontaktpersonen som er meldt eller dagleg leiar kan skrive under skjemaet. Om det er meldt ein fysisk person som norsk representant eller forretningsførar, kan denne skrive under i skjema.
Underskrift av Samordna registermelding ved registrering i Føretaksregisteret
Meldepliktige eller den som har signaturrett skal underteikne. Meldepliktig for utanlandske føretak er styret for verksemda i Noreg. Om det ikkje finst eige styre for verksemda, skal dagleg leiar for verksemda i Noreg understeikne. Finst verken styre eller dagleg leiar, skal skjemaet underteiknast av signaturrettshavaren.