Roller i eigarseksjonssameige
Sist oppdatert: 23. mai 2022.
Pliktige roller i eit eigarseksjonssameige er styre.
Kontaktperson, forretningsførar, rekneskapsførar, signatur og prokura er roller du kan velje å registrere.
Eigarseksjonssameige har vilkårsbunden revisorplikt. Dette kan du lese meir om under revisor.
Styret i eit eigarseksjonssameige skal i utgangspunktet bestå av ein styreleiar og to styremedlemmar. Det kan gå fram av vedtektene at styret skal bestå av eit anna tal styremedlemmar.
Val av styremedlemmar
Styreleiar og styremedlemmane vert valde av årsmøtet. Årsmøtet kan også bestemme om dei skal velje varamedlemmar. For- og etternamn på personane som er valde inn og kva rolle dei skal ha i styret, skal også gå fram av protokollen
Ved registrering i Føretaksregisteret må styremedlemmane bekrefte at dei tek på seg vervet.
Hovudregelen er at styret i fellesskap har signaturrett. Årsmøtet kan tildele signaturrett til to eller fleire styremedlemmar i fellesskap. Dette må gå fram av vedtektene. Annan signaturregel kan ein ikkje vedta.
Eit eigarseksjonssameige med 21 eller fleire seksjonar har plikt til å ha revisor.
Revisor blir vald av årsmøtet og må stadfeste i Samordna registermelding at han tar på seg oppdraget.
Når du skal registrere revisor, må du legge ved:
- protokoll frå årsmøtet som viser valet
Eit eigarseksjonssameige kan velje om det skal ha rekneskapsførar.
Dersom sameiget har rekneskapsførar, skal denne rekneskapsføraren registrerast. Det er berre mogleg å registrere autoriserte rekneskapsførarar som er registrerte i Rekneskapsførarregisteret.