Sletting av bustadbyggelag
Sist oppdatert: 14. mars 2024.
Sletting av bustadbyggelag melder du i to trinn.
Først melder du oppløysing. Når kreditorfristen på seks veker er ute, kan du melde sletting.
Når du melder oppløysing kunngjer vi eit kreditorvarsel som oppmodar kreditorar til å melde krava sine til avviklingsstyret sin leiar.
Vedtak om oppløysing skal fattast av to påfølgande generalforsamlingar med minst fire vekers mellomrom. Den eine skal vere ei ordinær generalforsamling. Generalforsamlinga skal også velje eit avviklingsstyre. Avviklingsstyret trer inn for styret og dagleg leiar. Nye styremedlemmer må stadfeste at dei tar på seg vervet.
Du må legge ved
- protokoll frå begge generalforsamlingane som viser avgjersla om oppløysing og val av avviklingsstyre
Etter at kreditorfristen på seks veker er ute og utdelinga er avslutta, skal revidert oppgjer bli lagt fram for generalforsamlinga. Når oppgjeret er godkjent, slettar du bustadbyggelaget hos oss.
Du må legge ved
- protokoll frå generalforsamling der det går fram at revidert oppgjer har blitt lagt fram og godkjent.
Generalforsamlinga kan gjere om vedtak om oppløysing om minst halvparten av andelseigarane stemmer for, og deling eller utbetaling til andelseigarane ikkje har skjedd.
Du må raskt melde omgjeringa til Føretaksregisteret.
Ved omgjering må generalforsamlinga også velje ordinært styre, og revisor om dette manglar.
Du må legge ved
- protokoll frå generalforsamling som viser vedtak om omgjering av oppløysing, og val av styre og eventuelt revisor
Om det blir vald nye styremedlemmer til styret må desse bekrefte at dei tar på seg oppdraget. Dette gjer dei ved å signere meldinga.
Du må også melde ny dagleg leiar, sidan bustadbyggelaget ikkje har denne rolla medan det er under oppløysing.