Roller i bustadbyggelag
Sist oppdatert: 8. januar 2025.
Pliktige roller i eit bustadbyggelag er dagleg leiar, styre og revisor.
Rekneskapsførar, signatur og prokura er roller du kan velje å registrere.
Eit bustadbyggelag skal ha eit styre som består av leiar og minst to styremedlemmer. Det skal i tillegg bli valt minst ein varamedlem. Generalforsamlinga vel styret men det kan fastsettast i vedtektene at valretten skal overførast til andre. Meir enn halvparten av styremedlemmene må likevel veljast av generalforsamlinga, dersom ikkje valretten er overført til vedtektsfesta lagsorgan. Valretten kan ikkje overførast til styret eller til ein styremedlem.
Styret vel sjølv sin leiar om ikkje generalforsamlinga har vald han. Dagleg leiar kan ikkje vere styreleiar, men kan bli vald til medlem av styret.
Når du skal registrere styre, må du legge ved
- protokoll frå generalforsamlinga som viser valet
Nye styremedlemmer må signere Samordna registermelding.
Kjønnsbalanse
Nokre bustadbyggelag har krav om kjønnsbalanse i styret. Sjekk om dei nye reglane gjeld dykk. Hvis det gjer det, må desse krava vere oppfylt i styret:
- Har styret tre eller fire medlemmer, kan maksimalt to styremedlemmer ha same kjønn.
- Har styret fem eller seks medlemmer, kan maksimalt tre styremedlemmer ha same kjønn.
- Har styret sju medlemmer, kan maksimalt fire styremedlemmer ha same kjønn.
- Har styret åtte medlemmer, kan maksimalt fem styremedlemmer ha same kjønn.
- Har styret ni eller fleire medlemmer, kan maksimalt 60 prosent av styremedlemmene ha same kjønn.
Reglane i nr. 1 til 5 gjeld tilsvarande ved val av varamedlemmer. Styremedlemmer og varamedlemmer må kvar for seg oppfylle desse krava.
Kjønnsbalanse blant dei tilsettvalde
For styremedlemmer som er valde av dei tilsette, medfører reglane om kjønnsbalanse at når det blir vald to eller fleire kan ikkje alle desse ha same kjønn. Det same gjeld for varamedlemmer som er valde av dei tilsette. Har selskapet meir enn 200 tilsette er ikkje dette tilstrekkeleg, da gjeld same forholdstal for styremedlemmer og varamedlemmer som er valde av dei tilsette, som for resten av styret (sjå over). Styremedlemmer og varamedlemmer skal vurderast kvar for seg.
Unntak: Har føretaket 200 eller færre tilsette, og eitt av kjønna utgjer meir enn 80 prosent av dei tilsette i selskapet på det tidspunktet valet skjer, er det ikkje krav om kjønnsbalanse blant styre- og varamedlemmene som er valde av og blant dei tilsette. Føretaket må sjølv dokumentere dette når dei sender inn melding om styreendring.
Eit bustadbyggelag skal ha ein eller fleire statsautoriserte revisorar. Revisor må vere registrert eller statsautorisert. Revisor blir vald av generalforsamlinga og må stadfeste at han tar på seg oppdraget.
Når du skal registrere revisor, må du legge ved
- protokoll frå generalforsamlinga som viser valet
Revisor må bekrefte i Samordna registermelding at hen tar på seg oppdraget.
Bustadbyggelaget kan velje om dei skal ha rekneskapsførar. Om bustadbyggelaget skal ha rekneskapsførar, må du registrere dette hos oss.
Det er berre mogleg å registrere autoristerte rekneskapsførarar som er registrerte i Rekneskapsførarregisteret.
Rekneskapsførar må stadfeste at hen tar på seg oppdraget.
Eit bustadbyggelag har plikt til å ha dagleg leiar som er tilsett av styret.
Dagleg leiar skal alltid vere ein fysisk person som er 15 år eller eldre.
Signatur er ei fullmakt til å opptre og underskrive på vegner av bustadbyggelaget i alle samanhengar.
Styret i fellesskap har i utgangspunktet signatur. Styret kan gi signatur til styremedlemmer, dagleg leiar eller namngitte tilsette, anten kvar for seg eller i fellesskap.
Om ikkje alle styremedemmene har signert i skjemaet, må du legge ved protokoll frå styremøtet som viser avgjersla om kven som skal ha signatur.
Prokura er ei fullmakt til å opptre og underskrive på vegner av bustadbyggelaget i samband med den daglege drifta. Den som har prokura kan ikkje ta opp lån på vegner av eller selje bustadbyggelaget sin faste eigedom.
Styret kan gje prokura til ein eller fleire personar. Om det er fleire, må de oppgi om dei skal ha prokura kvar for seg eller i fellesskap. Avgrensingar ut over dette, som til dømes tidsmessige eller beløpsmessige, kan ikkje bli registrert.
Prokura kan tilbakekallast av styret kor tid som helst.