Protokoll frå generalforsamling i burettslag
Sist oppdatert: 12. oktober 2023.
Burettslaget skal skrive protokoll (referat) frå generalforsamlinga.
Generalforsamlinga er burettslaget sitt øvste organ. Det er andelseigarane som har møte- og stemmerett her. Burettslaget skal halde ordinær generalforsamling innan utgangen av juni kvart år. Alle andre generalforsamlingar er ekstraordinære generalforsamlingar.
Kva opplysningar skal protokollen innehalde?
Protokollen skal minst innehalde opplysningar om
- kva burettslag som held generalforsamlinga
- tid og stad for generalforsamlinga
- kor mange andelseigarar som var representerte
- generalforsamlinga si godkjenning av innkallinga
- vedtak som er gjort på generalforsamlinga
Protokollen skal signerast av møteleiaren og minst ein annan person, vald av generalforsamlinga, blant dei som er til stades.