Roller i eit ansvarleg selskap
Sist oppdatert: 8. januar 2025.
Pliktige roller i eit ansvarleg selskap er deltakarar.
Dersom selskapet ikkje skal ha styre, må det ha ein person i rolla som dagleg leiar, forretningsførar eller kontaktperson. Rekneskapsførar, styre, signatur og prokura er roller du kan velje å registrere. Selskapsmøtet er øvste myndigheit i eit ansvarleg selskap.
Selskapet har vilkårsbunden revisorplikt. Dette kan du lese meir om under revisor.
Eit ansvarleg selskap må ha minst to deltakarar. Både fysiske (vanlege) og juridiske personar kan vere deltakarar. Døme på juridiske personar er aksjeselskap, allmennaksjeselskap, ansvarlege selskap og så vidare.
Berre selskapsdeltakarane har røysterett i selskapsmøtet, dersom ikkje anna går fram av selskapsavtalen.
Dersom selskapet ikkje har styre, må det ha dagleg leiar, kontaktperson eller forretningsførar. Selskapet kan i utgangspunktet berre registrere ei av desse rollene. Unntaket er dersom forretningsføraren er ein juridisk person. Då må selskapet i tillegg melde ein fysisk person som dagleg leiar eller kontaktperson.
Eit ansvarleg selskap kan velje om dei skal ha eit styre. Det er selskapsmøtet som vel styret.
Styremedlemmane må stadfeste at dei tek på seg vervet.
Kjønnsbalanse
Nokre ansvarlege selskap har krav om kjønnsbalanse i styret. Sjekk om dei nye reglane gjeld dykk. Hvis det gjer det, må desse krava vere oppfylt i styret:
- Har styret tre eller fire medlemmer, kan maksimalt to styremedlemmer ha same kjønn.
- Har styret fem eller seks medlemmer, kan maksimalt tre styremedlemmer ha same kjønn.
- Har styret sju medlemmer, kan maksimalt fire styremedlemmer ha same kjønn.
- Har styret åtte medlemmer, kan maksimalt fem styremedlemmer ha same kjønn.
- Har styret ni eller fleire medlemmer, kan maksimalt 60 prosent av styremedlemmene ha same kjønn.
Reglane i nr. 1 til 5 gjeld tilsvarande ved val av varamedlemmer. Styremedlemmer og varamedlemmer må kvar for seg oppfylle desse krava.
Kjønnsbalanse blant dei tilsettvalde
For styremedlemmer som er valde av dei tilsette, medfører reglane om kjønnsbalanse at når det blir vald tre eller fleire kan ikkje alle desse ha same kjønn. Det same gjeld for varamedlemmer som er valde av dei tilsette. Har selskapet meir enn 200 tilsette er ikkje dette tilstrekkeleg, da gjeld same forholdstal for styremedlemmer og varamedlemmer som er valde av dei tilsette, som for resten av styret (sjå over). Styremedlemmer og varamedlemmer skal vurderast kvar for seg.
Unntak: Har selskapet 200 eller færre tilsette, og eitt av kjønna utgjer meir enn 80 prosent av dei tilsette i selskapet på det tidspunktet valet skjer, er det ikkje krav om kjønnsbalanse blant styre- og varamedlemmene som er valde av og blant dei tilsette. Selskapet må sjølv dokumentere dette når dei sender inn melding om styreendring.
Når du skal registrere styre, må du legge ved
- protokoll frå selskapsmøte
Eit ansvarleg selskap har plikt til å ha revisor dersom minst eitt av dei følgande punkta er oppfylte:
- Driftsinntektene er 7 millionar kroner eller meir
- Balansesummen som er 27 millionar kroner eller meir
- Gjennomsnittleg tal på tilsette utgjer ti årsverk eller meir
Revisoren vert vald av selskapsmøtet.
Revisoren må stadfeste at han tek på seg oppdraget.
Treng du meir informasjon, sjå revisorlova § 2-1.
Eit ansvarleg selskap kan velje om dei skal ha rekneskapsførar.
Det er berre mogleg å registrere autoriserte rekneskapsførarar som er registrerte i Rekneskapsførarregisteret.
Rekneskapsføraren må stadfeste at han tek på seg oppdraget.
Signatur er ei fullmakt til å opptre og skrive under på vegner av selskapet i alle samanhengar.
Deltakarane har i utgangspunktet signaturrett kvar for seg
Deltakarane kan avtale at berre ein deltakar skal ha signaturrett, eller at deltakarane skal ha signaturrett i fellesskap.
Dersom selskapet har eit styre, er det styremedlemmane i fellesskap som har signaturrett.
Treng du meir informasjon, sjå selskapslova § 2-21.
Prokura er ei fullmakt til å opptre og underskrive på vegner av selskapet i samband med den daglege drifta
Ein kan ikkje bruke prokura til å hefte eller selje selskapet sin faste eigedom.
Deltakarane kan gi prokura til ein eller fleire personar. Dersom det er fleire, er det mogleg å gi dei prokura kvar for seg, eller i fellesskap.
Andre avgrensingar i utøvinga av prokuraretten, for eksempel tidsmessige eller beløpsmessige, kan ikkje registrerast.
Prokura kan kallast attende når som helst.