Stiftelsesdokument for allmennaksjeselskap
Sist oppdatert: 18. juli 2024.
For å stifte eit allmennaksjeselskap må stiftarane opprette eit stiftelsesdokument.
Stiftarane er dei som teiknar aksjar på stiftelsestidspunktet. Dette kan vere ein eller fleire fysiske eller juridiske personar, for eksempel aksjeselskap eller ansvarleg selskap.
Stiftelsesdokumentet skal minst innehalde
- selskapet sitt namn
- vedtekter
- fødselsnummer/organisasjonsnummer, namn/føretaksnamn og adresse for alle stiftarane
- talet på aksjar som skal teiknast av den enkelte stiftar
- det beløpet som skal betalast for kvar aksje (aksjeinnskot)
- tidspunkt for oppgjer av aksjeinnskot
- val av styre og revisor
Utanlandske personar som er stiftarar treng berre å føre opp fødselsdato og adresse. Er det ei utanlandsk verksemd, må du i tillegg til føretaksnamn og adresse føre opp kven som representerer stiftaren. Når alle stiftarane har datert og underteikna stiftelsesdokumentet, er aksjane teikna og selskapet stifta.
Stiftelsesdokumentet skal også vise eventuell informasjon om
- aksjeinnskotet skal kunne blir gjort opp med andre eigedelar enn pengar
- nokon skal ha særskilte rettar ved stiftelsen
- selskapet skal dekke utgifter ved stiftelsen