Registrere eit allmennaksjeselskap
Sist oppdatert: 29. juli 2024.
Eit allmennaksjeselskap skal registrerast i Føretaksregisteret.
For å registrere selskapet må du sende inn Samordna registermelding. Fristen for når vi må ha fått melding om registrering av selskapet er tre månader frå stiftelsesdokumentet er signert av stiftarane.
Vedleggskrav
Når du skal registrere eit allmennaksjeselskap må du sende inn fleire dokument saman med skjemaet. Dokument du alltid må legge ved er
- stiftelsesdokument
- erklæring frå revisor, finansinstitusjon, bank, advokat eller rekneskapsførar som viser innbetaling av aksjeinnskotet dersom dette berre består av pengar*
*Dersom finansinstitusjonen som stadfester innbetalinga høyrer til i ein EØS-stat, må du sende inn heile meldinga per post. Her kan du laste ned papirskjemaet.
Ved tingsinnskot (andre eigedelar enn pengar) må du legge ved
- utgreiing som er utarbeida og signert av revisor
- erklæring frå revisor om innbetaling av aksjeinnskotet
Huga å signere i skjemaet
Styremedlemmer, revisor og eventuelt rekneskapsførar må bekrefte at dei tar på seg vervet. Dette gjer dei ved å signere i skjemaet Samordna registermelding.
Desse vedlegga må leggast ved i nokre tilfelle:
- avtale om særskilte rettar
- avtale som gjeld stiftelsesutgifter
- godkjenning/konsesjon frå Finanstilsynet dersom selskapet skal drive verksemd som bank, kredittføretak, finansieringsføretak, forsikringsføretak, pensjonsføretak, holdingføretak i finanskonsern, betalingsføretak eller e-pengeføretak