Aksjekapital i allmennaksjeselskap
Sist oppdatert: 29. juli 2024.
I eit allmennaksjeselskap må stiftarane betale inn aksjekapital. Dette beløpet skal vere minst 1 000 000 kroner.
Stiftelseskostnadane kan bli dekte av aksjekapitalen.
Aksjeinnskot må vere stadfesta innbetalt før selskapet kan bli registrert i Føretaksregisteret
Dersom aksjeinnskot skal bli gjort opp med pengar, kan stadfestinga bli gitt av ein finansinstitusjon*, revisor, advokat eller rekneskapsførar. Om heile eller delar av aksjekapitalen blir dekt opp med gjenstandar (tingsinnskot) i staden for pengar, må revisor stadfeste innbetalinga.
*Dersom finansinstitusjonen som stadfester innbetalinga høyrer til i ein EØS-stat, må du sende inn heile meldinga per post. Her kan du laste ned papirskjemaet.