Vedtekter for AS
Sist oppdatert: 4. juli 2023.
Stiftelsesdokumentet skal innehalde vedtektene til selskapet.
Vedtektene skal minst innehalde
- føretaksnamnet til selskapet
- formålet til selskapet
- storleiken på aksjekapitalen
- pålydande på aksjane
Dersom selskapet ikkje har som formål å gi aksjonærane økonomisk utbytte, skal vedtektene innehalde føresegner om korleis selskapet skal fordele overskot og formue når selskapet blir avvikla. Det skal også gå fram av vedtektene dersom selskapet skal ha fleire daglege leiarar.