Stifte og registrere aksjeselskap med digital selskapsetablering
Sist oppdatert: 26. mars 2025.
I samarbeid med oss tilbyr fire leverandørar tenester for å registrere nye aksjeselskap.
Desse tenestene kan du bruke på lik linje med Brønnøysundregistera sine eigne tenester.
Du kan ikkje bruke desse tenestene dersom selskapet:
- har tingsinnskot
- blir oppretta på bakgrunn av fusjon/fisjon
- har stiftarar som har krav og rettar overfor selskapet, jf. aksjelova § 2-4
- har ein stiftar som ikkje har norsk fødselsnummer, d-nummer eller organisasjonsnummer
- har dagleg leiar eller styremedlemmer som ikkje har bustadadresse i Noreg, EU/EØS, Sveits eller Storbritannia/Nord-Irland
- er eit finansføretak