Saka blir behandla
Saka er no komen inn til oss, og vil bli behandla av ein saksbehandlar.
Har du stifta selskapet elektronisk, vil saka bli tatt til behandling innan fem arbeidsdagar etter at vi har fått ho. Har du stifta selskapet på annan måte vil saka bli tatt til behandling innan ti arbeidsdagar.
Du kan sjå datoen vi har komme til i saksbehandlingskøen vår på sida Når blir saka mi behandla.
Mangelfull innsending
Om det er manglar ved innsendinga, så tar vi kontakt med deg som har sendt inn meldinga. Vi vil da gi deg informasjon om kva du må gjere for å rette opp manglane eller få vurdert saka på nytt. I meldinga frå oss vil vi opplyse om det er ein frist for når du må sende inn riktig informasjon.
Høyrer du ikkje frå oss?
Da kan det vere fordi meldinga ikkje er signert av alle. Du som har sendt inn meldinga kan sjå kven som har signert og om saka er komen inn til oss. Her finn du rettleiing for korleis du kan sjekke status på saka di.