Gratulerer med nytt selskap
Så snart selskapet ditt er registrert blir det kunngjort på nettsidene våre.
Når aksjeselskapet er registrert og har fått tildelt organisasjonsnummer, vil du få eit varsel på SMS eller e-post. Vi sender firmaattesten til innboksen din i Altinn. Du kan også kor tid som helst hente ut attesten gratis på brreg.no.
Kunngjering av nyregistrering inneheld alltid opplysningar om selskapet sitt namn, organisasjonsform, organisasjonsnummer, formål, forretningsadresse og styre. Om selskapet har revisor eller dagleg leiar, inneheld kunngjeringa også opplysningar om dette. Her kan du sjå kunngjeringar.
Etter nokre dagar sender vi ut faktura til den som vart oppgitt som mottakar ved registrering. Du finn fakturaen i innboksen i Altinn.
Plikter som oppstår ved å registrere eit AS
Når du har registrert aksjeselskapet oppstår ein del plikter ovanfor ulike etatar. Til Brønnøysundregistera må du
- melde frå når det skjer endringar i registrerte opplysningar
- sende inn årsrekneskapen til Rekneskapsregisteret kvart år