Fyll ut og signer
Du må registrere selskapet i Føretaksregisteret.
Dette gjer du ved å nytte skjemaet Samordna registermelding. Når du har stifta selskapet elektronisk, må du bruke lenka du har fått tilsendt i innboksen i Altinn. Samordna registermelding vil da vere klargjort slik at du enkelt kan fullføre registreringa.
Om du ikkje har stifta selskapet ditt gjennom elektronisk stiftelse, må du opne skjemaet Samordna registermelding og fylle det ut sjølv.
Frist for å sende inn
Fristen for når vi må ha tatt i mot melding om registrering av selskapet er tre månader frå stiftelsesdokumentet er signert av stiftarane.
Vedleggskrav ved registrering
Stiftelsesdokument med vedtekter vart automatisk oppretta for deg som stifta selskapet elektronisk. Om du ikkje stifta elektronisk, må du sjølv laste opp stiftelsesdokumentet med vedtekter. Uavhengig av korleis du har stifta selskapet må du laste opp stadfesting som viser at aksjekapitalen er innbetalt. I enkelte tilfelle kan det vere aktuelt å legge ved fleire dokument. Her kan du sjå oversikt over vedleggskrava.
Når skjemaet er ferdig utfylt, må styret signere det elektronisk. Vi sender melding om dette til alle som skal signere. Meldinga finn du i innboksen i Altinn.