Betal inn aksjekapital
Stiftarane må betale inn aksjekapital i aksjeselskapet. Kvar aksje må vere på like stort beløp.
Aksjekapitalen skal vere minst 30 000 kroner, fordelt på ein eller fleire aksjar. Stiftarane kan betale inn meir enn dette for aksjane, da betalar dei overkurs. Summen av aksjekapital og overkurs utgjer aksjeinnskotet. Beløpet kan betalast inn i form av pengar eller eigedelar, eller ein kombinasjon av desse.
Aksjekapitalen består av pengar
Om heile aksjeinnskotet blir innbetalt i pengar er det mest vanleg å sette dette inn på ein aksjekapitalkonto hos banken. Når heile summen består av pengar, må bank, advokat, revisor eller rekneskapsførar stadfeste innbetalinga. Du vil bli beden om å legge inn organisasjonsnummer til den som skal stadfeste innbetalinga.
Heile eller delar av aksjekapitalen består av eigedelar
Stiftarane må lage ei utgreiing som inneheld ei beskriving av kvar eigedel. Dei må også lage ei erklæring om at eigedelane selskapet skal ta over minst har den verdien som er avtalt. Utgreiinga skal vere underskriven av alle stiftarane og stadfesta av revisor.
Revisor skal også stadfeste at aksjeinnskotet er innbetalt.