Roller i aksjeselskap
Sist oppdatert: 2. januar 2025.
Pliktige roller i eit aksjeselskap er styre.
Rekneskapsførar, revisor, forretningsførar, dagleg leiar, kontaktperson, signatur og prokura er roller du kan velje å registrere.
Eit aksjeselskap må ha eit styre som består av minst ein medlem
Styret må alltid ha ein leiar.
Dersom selskapet har bedriftsforsamling, skal det vere minst fem styremedlemmer.
Minst halvparten av medlemmene i styret skal vere busette i Noreg, ein EU/EØS-stat, Storbritannia, Nord-Irland eller Sveits. Det same gjeld for eventuelle varamedlemmer.
Styret er ansvarleg for drift og organisering av aksjeselskapet.
Val av styremedlemmer
Medlemmene av styret vert vanlegvis valde av generalforsamlinga, som også bestemmer om det skal veljast varamedlemmer.
Styremedlemmene må stadfeste at dei tek på seg vervet.
Kjønnsbalanse
Nokre aksjeselskap har krav om kjønnsbalanse i styret. Sjekk om dei nye reglane gjeld dykk. Hvis det gjer det, må desse krava vere oppfylt i styret:
- Har styret tre eller fire medlemmer, kan maksimalt to styremedlemmer ha same kjønn.
- Har styret fem eller seks medlemmer, kan maksimalt tre styremedlemmer ha same kjønn.
- Har styret sju medlemmer, kan maksimalt fire styremedlemmer ha same kjønn.
- Har styret åtte medlemmer, kan maksimalt fem styremedlemmer ha same kjønn.
- Har styret ni eller fleire medlemmer, kan maksimalt 60 prosent av styremedlemmene ha same kjønn.
Reglane i nr. 1 til 5 gjeld tilsvarande ved val av varamedlemmer. Styremedlemmer og varamedlemmer må kvar for seg oppfylle desse krava.
Kjønnsbalanse blant dei tilsettevalde
For styremedlemmer som er valde av dei tilsette, medfører reglane om kjønnsbalanse at når det blir vald tre eller fleire kan ikkje alle desse ha same kjønn. Det same gjeld for varamedlemmer som er valde av dei tilsette. Har selskapet meir enn 200 tilsette er ikkje dette tilstrekkeleg, da gjeld same forholdstal for styremedlemmer og varamedlemmer som er valde av dei tilsette, som for resten av styret (sjå over). Styremedlemmer og varamedlemmer skal vurderast kvar for seg.
Unntak: Har selskapet 200 eller færre tilsette, og eitt av kjønna utgjer meir enn 80 prosent av dei tilsette i selskapet på det tidspunktet valet skjer, er det ikkje krav om kjønnsbalanse blant styre- og varamedlemmene som er valde av og blant dei tilsette. Selskapet må sjølv dokumentere dette når dei sender inn melding om styreendring.
Når du skal registrere styre, må du legge ved
- protokoll frå generalforsamling
Eit aksjeselskap har som hovudregel revisjonsplikt, og må velje revisor
Eit selskap kan velje fleire revisorar. Revisoren må vere statsautorisert.
Enkelte selskap kan velje ikkje å revidere årsrekneskapen. Les meir om Fråval av revisjon.
Revisor blir vald av generalforsamlinga og må stadfeste i Samordna registermelding at han tar på seg oppdraget.
Når du skal registrere revisor, må du legge ved
- protokoll frå generalforsamling
Eit aksjeselskap kan velje om dei skal ha rekneskapsførar
Dersom selskapet nyttar rekneskapsførar, skal eindu registrere det i Einingsregisteret. Ved endring av rekneskapsførar skal du også sende melding til Einingsregisteret.
Det er berre muleg å registrere autoriserte rekneskapsførare som er registrert i rekneskapsførarregisteret.
Rekneskapsføraren må stadfeste i Samordna registermelding at han tek på seg oppdraget.
Eit aksjeselskap kan ha dagleg leiar, kontaktperson eller forretningsførar dersom de ønsker det
Selskapet kan i utgangspunktet berre registrere ei av desse rollene. Unntaket er dersom forretningsføraren er ein juridisk person. Då kan selskapet i tillegg melde ein fysisk person som kontaktperson.
Styret tilset dagleg leiar. Selskapet kan ha fleire daglege leiarar, men då må det gå fram av vedtektene.
Dagleg leiar skal vere busett i Noreg, ein EU/EØS-stat, Storbritannia, Nord-Irland eller Sveits.
Signatur er ei fullmakt til å opptre og skrive under på vegner av selskapet i alle samanhengar
Styret i aksjeselskapet har alltid signatur i fellesskap. Styret kan i tillegg tildele signaturretten til styremedlemmer, dagleg leiar eller namngitte tilsette kvar for seg eller i fellesskap.
Signaturrett kan kallast attende når som helst.
Prokura er ei fullmakt til å opptre og underskrive på vegner av selskapet i samband med den daglege drifta
Innehavaren av prokura vert kalla prokurist.
Ein kan ikkje bruke prokura til å hefte eller selje selskapet sin faste eigedom.
Ein person som har prokura kan ikkje overføre han til ein annan person. Eit aksjeselskap kan gi prokura til ein eller fleire personar. Dersom det er fleire, kan ein velje om dei skal ha fullmakt kvar for seg eller i fellesskap.
Andre avgrensingar i utøvinga av prokuraretten, for eksempel tidsmessige eller beløpsmessige, kan ikkje registrerast.
Prokura kan kallast attende når som helst.