Registrere eit aksjeselskap
Sist oppdatert: 29. juli 2024.
Eit aksjeselskap skal registrerast i Føretaksregisteret. Fristen for når vi må ha fått melding om registrering er tre månader frå stiftelsesdokumentet er underskrive.
For å registrere selskapet, må du sende inn skjemaet Samordna registermelding.
Vedleggskrav
Når du skal registrere eit aksjeselskap må du sende inn fleire dokument.
Dokument du alltid må legge ved når du skal registrere eit selskap er
- stiftelsesdokument med vedtekter
- erklæring frå revisor, finansinstitusjon, bank, advokat eller rekneskapsførar som viser innbetalinga av aksjeinnskotet dersom dette berre består av pengar*
*Dersom finansinstitusjonen som stadfester innbetalinga høyrer til i ein EØS-stat, må du sende inn heile meldinga per post. Her kan du laste ned papirskjemaet.
Ved tingsinnskot (andre eigedelar enn pengar) må du legge ved
- utgreiing som er signert av stiftarane og stadfesta av revisoren
- erklæring frå revisor om innbetaling av aksjeinnskotet
Hugs å signere i skjemaet
Styremedlemmer og eventuelt revisor og rekneskapsførar må stadfeste at dei tar på seg vervet. Dette gjer dei ved å signere Samordna registermelding.
Desse vedlegga må leggast ved i nokre tilfelle:
- avtale om særskilde rettar, jf. aksjelova § 2-4
- avtale om stiftelsesutgifter, jf. aksjelova § 2-5
- godkjenning/konsesjon frå Finanstilsynet, dersom selskapet skal drive verksemd som bank, kredittføretak, finansieringsføretak, forsikringsføretak, pensjonsføretak, holdingføretak i finanskonsern, betalingsføretak eller e-pengeføretak