Omgjering av fusjon
Sist oppdatert: 6. november 2021.
Avgjerd om fusjon kan gjerast om av det same organet som har teke avgjerda.
Alle overdragande selskap eller det overtakande selskapet må vedta omgjeringa.
Følgande dokument må leggast ved meldinga:
- protokoll frå generalforsamlinga som vedtek omgjering av avgjerd om fusjon, eventuelt protokoll frå styremøtet dersom styret har godkjent fusjonsplanen etter særskilte reglar
Når vi har godkjent meldingar som gjeld fusjon, sender vi tilbakemelding og firmaattest i posten.