Fusjon ved opptak
Sist oppdatert: 11. mars 2024.
Du kan registrere fusjon ved opptak når eit selskap overdreg alle eigedelar, rettar og forpliktingar til eit anna selskap, mot at aksjeeigarane får vederlag i form av aksjar i det overtakande selskapet.
Fusjon ved opptak melder du til Føretaksregisteret i to trinn. Desse to trinna er avgjerd om fusjon og gjennomføring av fusjon. Når vi har godkjent meldingar som gjeld fusjon, sender vi tilbakemelding og firmaattest i posten.
Når du melder fusjon elektronisk i Samordna registermelding i Altinn, er det eitt felles skjema for alle selskapa som deltar i fusjonen. Dersom du bruker det gamle papirskjemaet, må du sende inn melding om avgjerd om fusjon for kvart av selskapa som deltar i fusjonen.
Du har en månad frist til å melde avgjerd om fusjon til Føretaksregisteret, rekna frå den datoen selskapa som deltar i fusjon har godkjent fusjonsplanen. Fristen på en måned startar når det siste selskapet har godkjent fusjonsplanen.
Blir meldinga ikkje sendt til Føretaksregisteret innan fristen fell avgjerda bort.
Overdragande selskap må legge ved
- protokoll frå generalforsamling som har godkjent fusjonsplan.
Overtakande selskap må legge ved
- protokoll frå generalforsamling som har godkjent fusjonsplan, eventuelt styreprotokoll dersom styret har godkjent fusjonsplan etter fullmakt.
Du kan melde gjennomføring av fusjonen når kreditorfristen på seks veker er utløpt. Det er ingen frist for når du må melde gjennomføring til oss.
Når gjennomføring av fusjon blir meld via altinn.no skal det berre sendast inn skjema frå det overtakande selskapet.
Overtakande selskap skal legge ved
- protokoll frå generalforsamling, eventuelt styremøte, som viser vedtak om kapitalauke
- vedtekter
- utgreiing om tingsinnskot, med stadfesting av revisor
Dersom selskapet bruker eigne aksjar som vederlag til aksjeeigarane i overdragande selskap, må det gå fram at eigne aksjar blir brukt til utdeling.