Fusjon ved nystiftelse
Sist oppdatert: 11. mars 2024.
Fusjon ved nystiftelse vert meld når to eller fleire selskap ved fusjon går saman til eit nytt selskap.
Fusjon ved nystiftelse melder du til Føretaksregisteret i to trinn. Desse to er avgjerd om fusjon og gjennomføring av fusjon. Når vi har godkjent meldingar som gjeld fusjon, sender vi tilbakemelding og firmaattest i posten.
Når fusjon blir meld elektronisk i Samordna registermelding i Altinn, er det eitt felles skjema for dei overdragande selskapa. Dersom du ikkje nyttar elektronisk innsending, må du sende inn melding om avgjerd av fusjon for alle dei overdragande selskapa som deltek i fusjonen.
Frå dei overdragande selskapa i fusjonen har avgjort å godkjenne fusjonsplanen, har du ein månads frist til å melde avgjerd om fusjon til Føretaksregisteret. Fristen på ein månad gjeld frå det siste selskapet har godkjent fusjonsplanen.
Vert ikkje meldinga send til Føretaksregisteret innan fristen, fell vedtaket bort.
Overdragande selskap skal legge ved
- protokoll frå generalforsamlinga som viser godkjenning av fusjonsplanen
Etter at du har meldt avgjerd om fusjon og kreditorfristen på seks veker har gått ut, kan du melde gjennomføring av fusjon. Det er ingen frist for når du må melde gjennomføring til Føretaksregisteret.
Når gjennomføring av fusjon blir meldt via altinn.no skal det berre sendast inn skjema frå selskapa som blir stifta ved fusjonen. Du må då krysse av for at selskapet blir stifta ved gjennomføring av fusjonen på sida «Andre opplysningar om selskapet?»
Overtakande selskap som blir stifta ved fusjon skal legge ved
- stiftelsesdokument
- vedtekter
- utgreiing om tingsinnskotet, med stadfesting frå revisor