Fusjon over landegrensene
Sist oppdatert: 11. mars 2024.
Fusjon over landegrensene skal meldast i fire trinn. Desse fire trinna er fusjonsplan, avgjerd om fusjon, vilkår oppfylte og gjennomføring.
For at det skal vere grunnlag for å registrere fusjon over landegrensene må det vere minst eitt utanlandsk selskap og minst eitt norsk selskap med i fusjonen.
Når vi har godkjent meldingar som gjeld fusjon, sender vi tilbakemelding og firmaattest i posten.
Styret i dei fusjonerande selskapa skal utarbeide ein felles fusjonsplan.
Ein slik plan skal minst innehalde
- selskapa si selskapsform, føretaksnamn, og registrert forretningskontor, eller forslag om dette, for det overtakande selskapet
- byteforholdet mellom aksjar eller selskapsdelar, og eventuelt vederlag som skal ytast i tillegg til aksjeeigarane i det overdragande selskapet
- reglar om tildeling av aksjar eller selskapseigedelar i det overtakande selskapet
- sannsynlege verknader av fusjonen for sysselsettinga i selskapa
- opplysning om frå kva tidspunkt aksjane eller selskapsdelane gir rett til utbytte i det overtakande selskapet, og alle særlege vilkår som gjeld for å utøve retten
- opplysning om frå kva tidspunkt transaksjonar i eit overdragande selskap rekneskapsmessig skal reknast som utført for det overtakande selskapet si rekning
- kva rettar aksjeeigarar med særlege rettar og innehavarar av teikningsrett, som nemnde i §§ 11-1, 11-10 og 11-12, i det eller dei overdragande selskapa skal ha i det overtakande selskapet, eller kva tiltak som blir foreslått til fordel for slike rettshavarar
- kvar ein særleg rett eller fordel som skal gå til dei uavhengige sakkunnige, medlemene av selskapet sitt kontroll- eller tilsynsorgan, medlemer av styret, dagleg leiar eller tilsvarande avgjerdstakarar
- vedtekter for det overtakande selskapet etter fusjonen
- framgangsmåten for fastsetting av nærmare reglar for arbeidstakarane sin innverknad i det overtakande selskapet der dette er relevant
- opplysningar om vurderinga av dei eigedelane og forpliktingane som blir overført til det overtakande selskapet
- datoen for årsrekneskapen til dei selskapa som tek del i og har skapt grunnlag for fastsettinga av vilkåra for fusjonen
Fusjonsplanen skal også innehalde forslag til vedtak om kapitalendringar og vedtektsendringar i selskapa. Dersom eit overtakande selskap skal stiftast ved fusjon, skal planen også innehalde forslag til stiftelsesdokument for det overtakande selskapet som blir stifta ved fusjonen. Styra i selskapa skal signere planen.
Ønsker du meir informasjon, sjå allmennaksjelova §§ 13-25 til 13-36.
Melding til Føretaksregisteret
Når du melder fusjonsplan elektronisk i Samordna registermelding, er et eitt felles skjema for dei norske selskapa som deltar i fusjonen. Det er ingen frist for når du må melde fusjonsplan til oss.
Vedtak om fusjon kan ikkje gjerast før minst ein månad etter kunngjeringa vår av fusjonsplanen.
Dokument du må legge ved meldinga
- fusjonsplan
Når du melder fusjon elektronisk i Samordna registermelding i Altinn, er det eitt felles skjema for dei norske selskapa i fusjonen. Dersom du nyttar det gamle papirskjemaet, må du sende inn avgjerd om fusjon for alle norske selskap som deltek i fusjon.
Avgjerd om fusjon kan ikkje fattast før minst ein månad etter kunngjeringa vår av fusjonsplanen.
Du har ein månads frist til å melde avgjerda om fusjon til oss, rekna frå datoen selskapa som deltek i fusjonen har godkjent fusjonsplanen.
Fristen på ein månad startar å løpe når det siste norske selskapet har godkjent fusjonsplanen.
Følgande dokument må leggast ved meldinga
Dersom overdragande selskap er norsk, skal du legge ved:
- protokoll frå generalforsamlinga som har godkjent fusjonsplanen.
Dersom overtakande selskap er norsk, skal du legge ved
- protokoll frå generalforsamlinga som har godkjent fusjonsplanen
Du skal sende inn melding for alle dei norske selskapa som tek del i fusjonen, om at dei nå oppfyller vilkåra for å gjennomføre fusjonen. Ein kan sende inn meldinga tidlegast seks veker etter at avgjerd om fusjon er kunngjort av oss.
Følgande dokument må leggast ved meldinga
Det er ingen vedleggskrav, bortsett frå dersom eit norsk selskap som tek del i fusjonen er underlagt tilsyn av Finanstilsynet. Dersom det er tilfelle, må du legge ved godkjenning frå tilsynet.
Ønsker du meir informasjon om vilkår oppfylte, sjå allmennaksjelova § 13-31.
Etter at vilkår oppfylt er registrert, kan du melde gjennomføring av fusjonen. Det er ingen frist for når du må melde gjennomføring til oss.
Følgande dokument må leggast ved meldinga
Dersom overtakande selskap er utanlandsk er det i utgangspunktet det utanlandske registeret som skal melde sletting av overdragar til oss. Dersom selskapet likevel skal melde sletting må du legge ved
- stadfesting frå det utanlandske registeret om at fusjonen er registrert gjennomført
Dersom overtakande selskap er norsk, må du legge ved
- fusjonsattest frå det utanlandske registeret
- protokoll frå generalforsamlinga eller styremøtet som viser vedtak om kapitalauke
- oppdaterte vedtekter
- sakkunnig utgreiing om tingsinnskotet
Dersom selskapet nyttar eigne aksjar som vederlag til aksjeeigarane i overdragande selskap, må det gå fram at eigne aksjar vert nytta til utdeling.
Dersom eit overtakande norsk selskap vert nystifta ved fusjon, skal du legge ved
- fusjonsattest frå det utanlandske registeret
- stiftelsesdokument
- vedtekter
- sakkunnig utgreiing om tingsinnskotet
- revisor si viljeserklæring, dersom årsrekneskapen skal reviderast
Ønsker du meir informasjon om fusjon over landegrensene, sjå almennaksjelova §§ 13-25 til 13-36.