Fusjon mellom selskap med same eineeigar
Sist oppdatert: 11. mars 2024.
Du kan registrere fusjon mellom selskap med same eigar når begge selskapa i fusjonen er heileigde av same eigar.
Fusjon mellom selskap med same eigar melder du til Føretaksregisteret i to trinn. Desse to trinna er avgjerd om fusjon og gjennomføring. Når vi har godkjent meldingar som gjeld fusjon, sender vi tilbakemelding og firmaattest i posten.
Når du melder fusjon elektronisk i Samordna registermelding i Altinn, er det eitt felles skjema for alle selskapa som deltek i fusjonen. Dersom du ikkje nyttar elektronisk innsending, må du sende inn melding om avgjerd om fusjon for kvart av selskapa som deltek i fusjonen.
Frå selskapa som tek del i fusjonen har avgjort å godkjenne fusjonsplanen, har du ein månads frist til å melde avgjerd om fusjon til Føretaksregisteret. Fristen på ein månad gjeld frå det siste selskapet har godkjent fusjonsplanen.
Vert ikkje meldinga send til Føretaksregisteret innan fristen, fell vedtaket bort.
Følgande dokument må leggast ved meldinga
Overdragande selskap skal legge ved
- protokoll frå generalforsamlinga som viser godkjenning av fusjonsplanen
Overtakande selskap skal legge ved
- protokoll frå generalforsamlinga som viser godkjenning av fusjonsplanen
Etter at du har meldt avgjerd om fusjon og kreditorfristen på seks veker har gått ut, kan du melde gjennomføring av fusjon. Det er ingen frist for når du må melde gjennomføring til Føretaksregisteret.
Når gjennomføring av fusjon blir meldt via altinn.no skal det berre sendast inn skjema frå det overtakande selskapet. Gjennomføring av slik fusjon kan bli maskinelt behandla same dag som Føretaksregisteret får meldinga.
Følgande dokument må leggast ved meldinga
Det er ingen krav til vedlegg for melding sendt inn av overtakande selskap.
Ønsker du meir informasjon om fusjon mellom selskap med same eineeigar, sjå aksjelova § 13-24.