Fusjon mellom mor- og heileigd dotterselskap
Sist oppdatert: 11. mars 2024.
Du kan registrere fusjon mellom mor- og dotterselskap når morselskapet eig alle aksjane i selskapet som skal fusjonerast inn i morselskapet.
Fusjon mellom mor- og dotterselskap melder du til Føretaksregisteret i to trinn. Desse to trinna er avgjerd om fusjon og gjennomføring. Når vi har godkjent meldingar som gjeld fusjon, sender vi tilbakemelding og firmaattest i posten.
Når du melder fusjon elektronisk i Samordna registermelding i Altinn, er det eitt felles skjema for alle selskapa som deltek i fusjonen. Dersom du bruker det gamle papirskjemaet, må du sende inn melding om avgjerd om fusjon for kvart av selskapa som deltek i fusjonen.
Frå selskapa som tek del i fusjonen har avgjort å godkjenne fusjonsplanen, har du ein månads frist til å melde avgjerd om fusjon til Føretaksregisteret. Fristen på ein månad gjeld frå det siste selskapet har godkjent fusjonsplanen.
Vert ikkje meldinga send til Føretaksregisteret innan fristen, fell vedtaket bort.
Følgande dokument må du legge ved meldinga
Overdragande dotterselskap skal legge ved
- protokoll frå styremøtet som viser godkjenning av fusjon
Overtakande morselskap skal legge ved
- protokoll frå styremøtet som viser godkjenning av fusjon. Styret kan ikkje godkjenne fusjonen før fusjonsplanen er send aksjonærane i morselskapet.
Du kan melde gjennomføring av fusjonen når kreditorfristen på seks veker har gått ut. Det er ingen frist for når du må melde gjennomføring til Føretaksregisteret.
Når gjennomføring av fusjon blir meldt via altinn.no skal det berre sendast inn skjema frå det overtakande selskapet. Gjennomføring av slik fusjon kan bli maskinelt behandla same dag som Føretaksregisteret får meldinga.
Følgande dokument må du legge ved meldinga
Det er ingen krav til vedlegg for melding som overtakande morselskap skal sende inn.
Ønsker du meir informasjon om fusjon mellom mor- og heileigd dotterselskap, sjå aksjelova § 13-23.